Bøkene L&B Forlag har gjeve ut

 


Framleis i vinden (November 2012)

Endeleg er Grinden tilbake med ny diktsamling.

Brynjulf Grinden - Framleis i vindenBrynjulf Grinden si femte diktsamling er no ein realitet. Det er 4 år sidan sist og mykje har skjedd. Dette kan nok lesast både på og mellom linjene..

Tema for årets diktsamling er mellom anna samliv, kjærleik og natur.

Vil du bestille boka kan du sende
ein epost til:
olstadrune@gmail.com
eller send ein SMS til 91157898

Prisen er kr. 150,-

 

 


Gift manns blues (November 2008)

Etter ein pause på fire år er Brynjulf Grinden tilbake med si fjerde diktsamling.

Brynjulf Grinden - Gift manns blues ”Gift manns blues” er ei til tider personleg diktsamling, men har og innslag av den ”gamle” slagferdige Grinden både som naturlyrikar og filosof.


Vil du bestille boka kan du sende
ein epost til:

olstadrune@hotmail.com

eller send ein SMS til 91157898

 

 



Med blanke ark (Desember 2004)

Dette er tredje bok frå Brynjulf Grinden. Sidan sist er Grinden og Quinden blitt mann og kone, og dei har busett seg i Nord-Trøndelag der dei har starta opp bok- og plate-antikvariat.

Brynjulf Grinden - Med blanke arkTittelen på boka,  "Med blanke ark",  henspeilar dels  at det snart kjem eit nytt år og dels  at det faktisk er ein del blanke ark i boka. 
Tanken her er at lesaren sjølv skal kunne dikte vidare på dikta i boka, eller skrive inn sine eigne dikt for den del.


Eit spennande nytt konsept frå Grinden!

 


 


Grinden og Quinden (Desember 2003)Grinden og Quinden
Eitt år har gått sidan "Uortodoksiske ungkarstankar" kom ut, og for eit år det har vore for Brynjulf Grinden! Takka vere ein ung forfatterinne, Marit Landemo, er han ikkje lenger ungkar. Dei møttest sommaren 2003, faktisk takka vere at "Uortodoksiske ungkarstankar" var utstilt hos bokhandlar Skjeldestad, og sidan har ting gått slag i slag. Det tok ikkje lang tid før Grinden flytta frå sitt kjære Kaupanger og busette seg i Bø der Landemo held til. 

Kva var vel då meir naturleg enn eit samarbeidsprosjekt mellom forfattarane.  Resultatet vart diktsamlinga "Grinden og Quinden" og ikkje uventa har dei henta mykje av inspirasjonen frå hendingane frå då dei møttest i sommar.

 


Uortodoksiske ungkarstankar (Desember 2002)

Vår første utgivelse var diktsamlinga "Uortodoksiske ungkarstankar" av den lovande diktaren Brynjulf Grinden frå Kaupanger.

Brynjulf Grinden - Uortodoksiske ungkarstankarBrynjulf Grinden har skrive dikt i fleire år, men meinte hausten 2002 at dei var modne for eit større publikum. I debut-utgivelsen har fjellet ein sentral plass, då det er nettopp her Grinden har fått inpirasjon til mykje av poesien sin. Difor har det vore eit sterkt ønskje frå han å få gjeve ut boka i 2002, som har vore Fjellets År. Andre viktige inspirasjonskjelder har vore Jakob Sande og Bob Dylan. 

I "Uortodoksiske ungkarstankar" tek Grinden for seg hendingar og tankar frå ungkarslivet. Han håper sjølv at diktamlinga skal vere morosam, men også vere til ettertanke. Noko å tenke på i vår stressa kvardag...

OM    

 NYTT    

FORUM
LINKAR    

BØKER

STARTSIDE 



Her føler han seg heime

Bildet over viser Brynjulf Grinden i sitt rette element, nemleg i fjellet.

 


©Copyright 2003-2012 – LB-Gruppen